← Tilbake
 

Ofte stilte spørsmål


Kva er ein idé?
En idé er eit forslag til løysning på eit problem. For at Idémottaket skal ta ideen vidare, må den ha potensiell nytte
for pasient/pårørande, tilsette, sjukehus og samfunn.
 
Kven kan sende inn idear?

Både tilsette, pasientar, pårørande og eksterne samarbeidspartar kan sende inn idear til oss.

Kven kan sjå ideen min om eg sender den inn til Idémottaket?
Det er kun vi som jobbar i Idémottaket som ser ideen din i fyrste omgang. Deretter tek vi kontakt med deg og ber deg avgjere om ideen din skal vere synleg for andre, gjerne i samråd med oss.

Deler Idémottaket ut pengar?
Idémottaket har ikkje eigne midlar til utdeling, men kan støtte deg i å finne rett finansieringskjelde.

Har Idémottaket prosjektleiarar som kan realisera ideen?
Idémottaket si oppgåve er å ta i mot, vurdere og koordinere arbeidet med idear i samarbeid med tilsette i Helse Førde og eksterne samarbeidspartar. Vi har ikkje eigne prosjektleiarar.

Kan eg vera anonym?
For å kunne sende inn ideen din må du opprette ein brukar. Du vil difor ikkje vere anonym.